Vi bruker Cookies - Info
Annonse
Foredrag - Reserver din plass

Dette skjer - Musikk:

Kulturkirken Jakob mandag 4. november 2019

Måndag 4. november får vi høyre nykomponert musikk til Haugtussa av Arne Garborg i Kulturkirken JAKOB i Oslo.

Albumet «Der draumar sviv» er sett saman av 14 nye tonsetjingar av sentrale dikt i diktsyklusen frå 1895.

Komposisjonane er laga på tinging frå Nasjonalt Garborgsenter av Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan. Haugtussa er eit hovudverk i norsk litteratur. Skildringane av kjærleik og lengt, tru og tvil, mystikk og menneskenatur er like aktuelle no som i 1895.

Songar Jorunn Undheim vaks opp på Jæren. Knudaheio, diktarstova til Garborg, ligg på garden til foreldra hennar, og marka rundt er barndomslandskapen hennar. Like ved ligg heiene der Garborg var gjetar som barn, og minna frå den gongen var viktige då han skildra naturen i Haugtussa.

Til Kulturkirken JAKOB kjem det eit stjernelag av norske musikarar:
Tarjei Nysted (nøkkelharpe, fiolin),
Kjell Harald Litangen (gitarar),
Jan Olav Renvåg (kontrabass),
Christian Svensson (trommer),
Hanne Vasshus (vokal),
Bjørge Verbaan (tangentar),
Jorunn Undheim (vokal)

Tonesetjingane føregår i ein akustisk landskap, der teksten står i sentrum. Musikken følgjer visetradisjon, fargelagd av pop, folkemusikk og jazz.

Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar av Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim
Sted: Kulturkirken Jakob
Adresse: Hausmanns gate 14, 0182 Oslo
Dato: Mandag 4. november 2019
Tid fra: 19:00
Tid til: 21:30
Kategori: Musikk
Nettside Del på Facebook

Vil du ha gratis ukentlig Nyhetsbrev fra Det skjer i Oslo.no?
Hver uke gir vi ut et nyhetsbrev på epost med hva som skjer i Oslo. Nyhetsbrevet ble utgitt første gang i 2005 og vi har i dag 20.000 mottakere på listen.
Meld deg på her!

Andre arrangementer - Kulturkirken Jakob
Julero med PUST... søndag 15. desember 2019

Legg inn arrangement ved Kulturkirken Jakob her! (Gratis!)

Tips oss! Facebook Gratis Nyhetsbrev

Annonse
Egal teater
Annonse
Hva-Skjer Nyhetsbrev Oslo