Annonse
Foredrag - Reserver din plass

Dette skjer - Konsert:

Riksscenen torsdag 26. april 2018

I 2018 er det 20-årsjubileum for den sjølvtitulerte debutskiva til Triakel, og i det høvet feirar trioen med å spela den legendariske plata frå A til Å! Triakel har gjeve ut fire skiver sidan debuten og singelen Innan Gryningen, som dei gjorde saman med Benny Andersson frå ABBA i 1999, bør også nevnast i diskografien.

Dei tre musikarane er alle godt etablerte i den svenske folkemusikkeliten etter mange år med ulike band og prosjekt. Alt frå Hoven Droven og Garmarna til Bo Lyckligs Orkester syslar dei med på fritida si, men det er gjennom Triakel dei får utspring for både dei humoristiske og mørke, men samstundes sentimentale og lyriske sidene sine.

Trioen turnert over store delar av Europa samt Japan, Canada og USA og har spelt store mengder konsertar her i landet. Me som har opplevd Triakel mange gonger før gler oss likevel som aldri før til å høyre hitparada deira frå 1998 live, og til dei som eventuelt ikkje har fått dei med seg på konsert enno: No har de høve til å få eit nytt favorittband!

Emma Härdelin song, fele
Janne Strömstedt trøorgel
Kjell-Erik Eriksson fele

Vinstra VGS
Me satsar på folkedansen i Norge, og som oppvarming til Triakel skal du få smakebitar frå nokon som satsar litt ekstra på dette. Landslinja i folkemusikk på Vinstra vgs har i eit par år hatt folkedans som tilbod. Her kan du studere folkedans som ein del av hovudinstrumentet ditt, og prøve deg tidleg som yrkesutøvande folkedansar. Denne kvelden får me sjå smakebitar frå ei forestilling elevane har laga, med samtidsdans, drevjapols og halling m.m. vert framført til tonar frå dei unge folkemusikktalenta på linja, og det står ikkje dårleg til der heller.

Triakel Supp: Folkemusikklina v Vinstra VGS
Sted: Riksscenen
Adresse: Trondheimsveien 2, Oslo
Dato: Torsdag 26. april 2018
Tid fra: 20:30
Kategori: Konsert
Facebookside

Kart - Her finner du Riksscenen
Longitude: 10.760947 - Latitude: 59.919847

Vil du ha gratis ukentlig Nyhetsbrev fra Det skjer i Oslo.no?
Hver uke gir vi ut et nyhetsbrev på epost med hva som skjer i Oslo. Nyhetsbrevet ble utgitt første gang i 2005 og vi har i dag 20.000 mottakere på listen.
Meld deg på her!

Andre arrangementer - Riksscenen
Myllargutens Gammaldansorkeste... torsdag 3. mai 2018

Legg inn arrangement ved Riksscenen her! (Gratis!)

Tips oss! Facebook Gratis Nyhetsbrev

Annonse
Cirkus Arnardo i Oslo